Fjord Inkubator intranett

Eg har gløymt passordet mitt
Om Fjord Inkubator Siste nytt Partnerar Inkubatorverksemder Vanlege spørsmål Lenkjer Kontakt
 
 



Om Fjord Inkubator

Fjord Inkubator er ei avdeling i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (www.kpsf.no)

Fjord Inkubator er eit tilbod til deg som ynskjer å starte din eigen bedrift. Ein inkubator skal vere ein "rugekasse" for nye forretningsidear, og eit utviklingsmiljø for nye bedrifter. Ein inkubator skal tilby kompetanse, infrastruktur, nettverk og kjelder til sine verksemder. Hensikten er å gi dei nystarta bedriftene eit godt vektsmiljø, slik at bedriften veks raskare.

Inkubatoren er likevel ikkje nokon permanent stad for gründeren. Det er forventa at den nystarta bedriften veks seg ut av "rugekassen" etter nokre år. Dei som vert rekruttert inn i inkubatoren vert veigd og målt etter ulike kriterier, som blant anna innovasjonshøgde og kommersialiseringspotensial.
 
Fjord Inkubator er ein distribuert inkubator retta mot gründarar og entreprenørar i Sogn&Fjordane. At Fjord Inkubator er ein distribuert inkubator, betyr at verksemda har tilgjengelige lokalitetar i heile Sogn&Fjordane. Ein distribuert inkubator er eit tilbod til gründere som ikkje er lokalisert i nærheten til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Formålet er å tilby inkubatortenester til gründere som ikkje fysisk er permanent lokalisert i sjølve inkubatoren. På denne måten vert inkubatorens nettverk og kompetanse gjort tilgjengeleg for gründere i distriktet.

Fjord Inkubator skal vere den operative drivkrafta for nyskaping, forretningsutvikling og kommersialisering på generell basis - og inkluderer også eit spesielt opplegg for ungdoms og studentverksemder.
 
Fjord Inkubator er eit felles løft på tvers av regionane i fylket, kor partnerane er samde om å spele på samme lag og utnytte kompetansen sin til felles beste for fylket. Sogn&Fjordane er avhengig av innovative og kompetanseintensive framtidige etableringar for å halde på og utvikle robustheit, konkurranseevne og mangfald i næringslivet.
 
Fjord Inkubator kan vere med å løfte dykkar prosjekt opp frå idéstadiet og fram mot kommersiell verdiskapning. Vi veit det vert mange tunge tak. For å lukkast må du ha kompetanse, styrke, utholdenhet, tålmodighet, "gode antenner", nettverk, kapital, litt flaks og eit godt konsept. Om forretningsideen eller prosjektet har innovative element i seg, då kan Fjord Inkubator vere med å løfte.
 
Fjord Inkubator er godkjent frå SIVA. Meir informasjon om kva som ligg i dette, sjå her: http://www.siva.no/sivabas/nyheter.nsf/main/16B52FDE17454634C1256E7C00217E17?opendocument
 
Har du ein innovativ forretningsidé? Ta kontakt med Fjord Inkubator! Verksemda har kontorlokaler og plass for deg i Måløy, Sandane, Førde, Florø, Fjaler, Stryn og Sogndal.